Om oss

Team Gla’laks er skiskyttarteamet frå fjord-Norge. Ute i havgapet finn du hardføre Vestlendingar som taklar denne idretten som krev fysisk kapasitet i skiløypa og stoisk ro på skytebanen. Heile 13 medaljevinnarar frå Hordaland og Vik har vunne OL eller VM medalje i skiskyting.

Er det dei tøffe forholda på Vestlandet med vær og vind som har forma dei til skiskyttarar, eller det sunne kosthaldet?

I dei same fjordane som dei lovande skiskyttarane vert forma finn du fleire medaljevinnarar. Desse vinnarane (oppdrettsnæringa) starta i det små akkurat slik som skiskyttarane i Team Gla’laks. Over tid har dei bygd opp både kompetanse og kapasitet, og etter mange år med slit og utfordringar trefte dei blink. Oppdrettsnæringa langs norske-kysten er verdens meistrar i si næring. Dei leverer topp kvalitet og sunn mat kvar einaste dag året rundt.

Kva er vel då meir naturleg enn at skiskyttarane og laksenæringa på Vestlandet har funne kvarandre og starta eit godt samarbeid ?

Sponsorane for Team Gla’laks består av ei gruppe med 8 ulike bedrifter frå oppdrettsnæringa. Desse sponsorane støttar skiskyttarane frå Hordaland og Vik. Totalt 45 junior -og seniorløparar trenar saman i Team Gla’laks og alle har eit felles mål om å bli så gode som mogeleg i denne tøffe idretten. I teamet finn du breidde og topp, kretsmeistrar og noregsmeistrar og  utøvarar som vil koma til VM og OL ein gong i framtida.

13 medaljevinnarar har gjort det før, og fleire skal det bli. Team Gla’laks er skiskyttarteamet frå fjord-Norge. På jakt etter medaljar og på lag med oppdrettsnæringa. Dette er eit spanande samarbeidsprosjekt !